Endeleg sommar og ny Sommarles!

Delta i Noregs største og kulaste lesekampanje

Registrer bøkene du les i sommar!

Les så mykje du orkar, samtidig som du samlar XP (poeng), trofé og premiar. Stikk innom biblioteket, lån med deg bøker og hent kodeord og premiar. Hugs å registrere alt du les - kvar einaste side tel! Utvalet av premiar varierer frå bibliotek til bibliotek

Les eller høyr på Sommarles-forteljinga

Berre på sommarles.no! Les om «Det blodraude nordlyset» skriven av Mari Moen Holsve spesielt for Sommarles!

Sjå og følg vennene dine

Følg med på kva vennene dine les og sjå kva bøker som er mest populære på Sommarles i år!